- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
31

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

3i

preikene hans for den ringen skuld. «Vil De love De
skal gå og høre mig hver søndag, så skal jeg love jeg
skal ta ringen av mig.» Det gjekk eit halvt år. Då kom
kvinna og sa: «No kan presten godt ha ringen på
fingeren; no gjer det meg ingen ting.» Det var det
Heuch hadde meint: når ho i lengre tid høyrde
preikene hans, vilde ho få anna å tenkja på enn å hengja
i slike småting.

Endå Heuch helst var det gamle systems mann,
var han i mangt ein nybrotsmann. Heuch var alltid
kameratsleg og skynsam å snakka med. Det vi helst
hadde imot han, var dei kvasse stykke han skreiv i
«Luthersk Ugeskrift». Det var synd på Heuch at dei
han var i lag med i Oslo berre moroa seg yver
skrivemåten hans og hyllte han for hans kvasse penn. Det
var ei stor lukka for Heuch å verta bisp i Agder og
koma seg vekk frå miljøet i hovudstaden. Heuch var
elastisk, og tok vel imot kritikk. Soleis då student
N. R. Heyerdahl tok til motmæle mot han for ordi um
«avholdsfolket»: «Vi avholdsfolk mener ikke det er
synd å drikke et glass vin; så jeg synes det var uheldig
sagt av foredragsholderen.» Då svara Heuch straks:
«Jeg er enig med Heyerdahl i det; det var uheldig
sagt av mig».

Då Heuch vart biskop der sør, vart han i mange
måtar frigjord frå sine stive høgkyrkjelege meiningar.
Han vart so lågkyrkjeleg at han gjekk mykje godt upp
i indremisjonen. Ein ekte lækmannsbisp vart han
nemnd. «Gud velsigne Dem, biskop! Idag talte De
som den beste legmann.» Feiarmeisteren i Kristiansand
formann i indremisjonen der, sette ein gong biskopen
til veggs; då sa Heuch: «De burde vært biskop, så kunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free