- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
32

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

32

jeg vært feiermester.» Til det kom svaret: «Ja, eg
skulde nok greidd å vera bisp; men bispen hadde aldri
greidd å vera feiar». Det var system-skifte i dette også:
bispe-autoriteten galdt ikkje lenger.

Heuch upplevde jamvel at soknepresten i Skien
nekta han kyrkja då Heuch skulde tala på eit
indre-misjonsmøte. Heuch og soknepresten var
studie-kameratar. «Du kan da ikke ville at jeg skal gå til
dissenterne og be om hus ?» «A, det finnes andre lokaler
som kan passe til den forsamling du skal presidere i,
for eksempel Valhalla!» (Det var eit dansehus!) Heuch
kjærde saki inn for departementet, og Wexelsen sa
sjølvsagt ja. Dei fekk kyrkja. Men soknepresten stengde
koren med eit stort reip tvert yver kordøri! (Dette
hev Heuch sjølv fortalt meg.)

Prost Irgens i Arendal gav Heuch ei fin påminning:
«Omkring år 400 støttet de spanske biskoper sig til
diakonene contra prestene; men de fikk snart erfare at
de dermed undergrov sin egen autoritet.» Heuch skyna
påminningi, og sa i Stavanger: «Irgens i Arendal
advarte mig mot lækfolket.»

På dei fyrste visitas-ferdene var Heuch ein hauk
yver prestane. Han nøydde fleire gamle prestar til å
søkja avskil. Det er vel kjent kor han kunde snakka
um prestane, slik at han sjølv fekk påtale. Han var
alltid viljug til å vedgå si synd: «Jeg må passe min
munn,» sa han; men han lærde det aldri.

Elles var Heuch i det store og heile ein framifrå
biskop. Han sette merke etter seg. Han tok sjølv til
å preika og halda foredrag på visitasane; fyrr hadde
bispane berre lydt på prestane og lærarane. Heuchs
nye praksis vart fylgd av fleire andre bispar, til dess

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free