- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
33

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

33

det nye visitas-reglement slo fast at biskopen skulde
preika. Men snautt nokon hev nått den høgd som
Heuch. Det var ein fest å høyra han. Serleg med dei
kyrkjelege foredrag um brennande spursmål — kunde
han halda kyrkjelyden vaken i 3 timar; vi kunde godt
ha høyrt på han i 3 timar til.

Vi mintest ogso mykje av det han sa. Soleis som han
slo dørene upp på vid vegg med det fulle frie evangelium,
frigjorde han frå mange stengsler. Han kom som eit
friskt ver, med varmt hjartelag og sunn tankegang.

At han ikkje kunde med mange «saker» som ovra
seg i vår tid, er sant: Fråhaldssaki og kvinnesaki var
for Heuch som den bakvende visa.

Men der det galdt ungdoms-arbeidet, var han
frilyndt og frisynt. Då ein lækmann på eit visitasmøte
klaga yver at dei kristelege ungdomslagi «blanda godt
og vondt saman» (verdslege songar og foredrag skiftande
med andakt og salmevers), — ja då svara Heuch:
«Si mig, gode mannen min; når du slakter en gris,
har du da saltet i den ene tønna og flesket i den andre ?»

På ei ungdoms-stemna i Telemark skulde Asbjørn
Knutsen havt foredrag um elsk og giftarmål. I staden
for han kom Heuch på talarstolen: «Jeg skjønner godt
det er en skuffelse for ungdommen at jeg skal tale i
steden for Asbj. Knutsen; det er så naturlig at de heller
vil høre om elsk og giftermål enn om Guds rike og
verden, som jeg vil tale om.» Men eg skal segja Heuch
fekk ungdomen med seg! so frisk og ungdomeleg som
han greidde ut emnet.

Sjølv fortalde han ein annan gong at han til
preste-eksamen hadde bruk for det emnet. Uppgåva lydde:
Om budet ikke at skikke sig lige med verden. «Jeg

3 — Anker: Ungdomsminne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free