- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
36

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

36

«etiske preken». Og der var biskopen og prestane
einige. Sokneprest Gunnarson frå Grømstad fortalde
at Birger Hall hadde skrive til han um å få «en etisk
preken» yver ein episteltekst til ei preikesamling, og
at han hadde svara: «Jeg er ingen hedning!»

Då Heuch var utnemnd til bisp, kom hans gamle
ven og medarbeidar Færden inn frå Norderhov og
sa at han tenktest søkja Uranienborg soknekall. Færden
hadde ei tunn og keidsam røyst, var elles ein gåverik
teolog som i dei seinare åri hadde teke til å fylgja
med i den moderne teologi; det lika ikkje Heuch;
men han sa berre til han: «I mange henseender kunde
det passe å få dig til min ettermann! men det er dette
organet ditt!» «Snakker du om organ?» sa Færden.
Det var berre den store skilnaden at Heuchs hole røyst
aldri vart keidsam.

#

Det var smått stell med det teologiske fakultet
nokre år utetter frå 1893. Caspari døydde, Johnson
døydde, Bang vart kyrkjeminister, Bugge vart biskop,
og Munch var heilt arbeids-ufør. Det var berre Petersen
som stod att, og so universitetsstipendiat Odland.
Fakultetet måtte låna lærarar: Professor Blix og Gustav
Jensen og fleire andre. Det gjekk politikk i
professor-postane: Stortinget og Riksstyret Emil Stang levde i
krigs-tilstand; og serleg kom kyrkjeminister Bang på
det svarte brett. Stortinget drog inn det eine professorat
etter det andre, både Bangs, og Casparis, og Johnsons.
Dei vilde draga inn Bugges ogso. Men då gjorde Bang
eit «stats-kup»; dagen fyrr den saki skulde upp i
Stortinget, fekk han utnemnt Odland til professor, utan
konkurranse, utan at embetet var utlyst ein gong!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free