- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
40

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Det var «systemskifte» som kunde muna. «Vi møtes
i himmelen,» skreiv Jansen, «men hvorfor kan vi ikke
møtes på jorden også?»

*



På den fyrste norske «preste-konferans» i 1894, der
ei mengd prestar møtte, hadde eg vona og venta at
dei hadde sagt eit angrande ord um det motstand prestane
her i landet i manns-aldrar hadde drive mot alle
framsteg. Offentlege synder krev offentlegt skrifte. Det
er heilt i professor Petersens ånd at vi prestar vågar
sannkjenna det vi har synda.

Eg kjem i hug ei herma etter Bjørnson: Han og
Jonas Lie køyrde yver eit islagt vatn, der det nett hadde
falle ny-snø; Jonas Lie var vinglen i taumen; då sa
Bjørnson: «Du skal kjøre beint, Jonas! Kom i hu at
der vi kjører foran, kjører hele Norges folk etter!»

Ja det er ålvorlegt for oss prestar å koma det i hug.
Eg hev sjølv mange prestesynder på mitt samvit, hev
vore vinglen i taumen ender og gong, og hev mykje
å trega på. Tykkjer dei som kjenner meg at eg hev vore
«et uroligt hode og avstedkommet forvirring», so skal
ikkje professor Petersen ha skuldi for det. I det store
og heile meiner eg mange mange av hans elevar hev
vore trufaste tenarar i den norske kyrkja. Og dei hev
maktast setja seg inn i vanskane som vår tid stridest
med; det er Petersen å takka.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free