- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
10

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

IO

meir enn kristelegt sømde seg. Det hende at dei flutte
til ein ånnen kant av landet, og då krossa seg yver «tonen
i Kviteseid». Men me hadde nokre undantak, nokre
pålitande og fromme menneske, som me hugheilt kunde
vera i lag med.

Eg tok grend for grend andfares i halve og heile
veker, med møte og hus-vitjing. Soleis heile Morgedal,
Dalane, Ås-grendi, heile Vrådal, Kilen og Fjågesund.
Det var eit vidt-femnande prestegjeld.

Sokneprest Musæus i Lårdal vart utnemnd til
sokneprest i Manger. Då strilene der vest fekk sjå namnet,
sa sume: Musæus! me hadde ein Museums-prest, og
han lika me ikkje! Det var naturvitskapsmannen Sars,
som vart mest uppteken av å granska havdyri!

Frå ein av medhjelparane i Eidsborg fekk eg brev
med uppmoding å søkja Lårdal soknekall. Eg trudde det
var for tidleg å flytta frå Kviteseid, og skreiv til biskop
Heuch um saki. Svaret kom: «Jeg tror De vil passe i
Lårdal.» Samstundes skreiv han til kyrkjedepartementet
og bad statsråd Jakob Sverdrup venta på min søknad, som
kom etter søkjetidi var slutt. Det gjekk då so snøgt, at
dagen etter min søknad var komen til Oslo, vart eg
utnemnd. Imedan hadde dei i Lårdal fenge i stand søknad
um å få meg. Søknaden vart innsend til biskop Heuch
etterpå.



Det var framsteg å koma til ein prestegard, få fritt hus,
mjølk og bær og grønsaker og poteter! Og slik ein ven
prestegard!

Men elles var inntektene små. Embetet var kunngjort
med 1600 kr. Smått um senn kom det inn. Men
mesteparten var smør og ost og korn, som eg laut selja so godt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free