- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
12

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

å sjå. Lårdal ligg i ei gryta mot sør, i livd mot kald vind.
Alt 14. april det året mælte eg aln-høgt gras. Slåtten
tok til 17. mai. Det var ikkje for ingen ting det vart fortalt
dei hadde hausta moge- korn tvo vender same året.

Lårdal måtte greia å vera millom dei beste
fruktbygder i landet.

Eg gløymer ikkje Volmer-apalen som stod att gamal
og krokut, med rotnande greiner, so eg meinte han burde
ikkje «taka kraft av jordi til unyttes»; um hausten bar han
dei finaste eple i mengd! han fekk sakte lov å leva! ei
preik for ein prest!

Nokre år etter planta eg med eigi hand 35 nye frukt-tre
ein 17. mai um fyremiddagen. Eg fekk 13 år etterpå i

Oslo smaka eple av mi eigi planting.

#

Eg tenktest stogga i Lårdal heile mitt liv. Det lokka
meg som ei livs-uppgåva å hjelpa til å ala fram ein kristen
ungdom i Telemark.

Eg lærde å kjenna tankegang og tradisjon hjå
bygdefolket.

Det tok tid å koma til den kjennskapen.

Sjølvstendige og tenksame var telebøndene jamnast.

Eg fekk vyrdnad for det djupe grunnlaget av levande
kristendom som hadde gjengi i arv i mange hundrad år.

Eg lærde å syngja Draumkvædet, noko av det dyraste
ervegullet telene åtte.

*



Det var endå att mykje av gamal kyrkjeskikk.

Ein leivning frå det gamle testamentet var «innargong
for barsel-koner».

Eg hadde høyrt gjete at farmor mi, etter far var fødd i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free