- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
18

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i8

Ungdomen var serleg min kyrkjelyd.

Eg heldt foredrag og upplesing i det frilynde
ungdomslaget i Lårdal. Men tonen og åndi der var slik at jamvel
ein av deira eigne folk sa med meg: her må skipast eit
nytt ungdomslag. Det handskrivne bladet deira heitte
«Sjavstyringen». Det var mykje godt eit skandal-blad,
med bygde-sladder som sette folk i gapestokken. «Er du
ikkje skapleg, so skal du koma i « «Sjavstyringen», var eit
trugsmål eg høyrde gjete.

So skipa eg ungdomslaget «Heim» og melde det inn i
Telemark-krinsen av kristelege ungdomslag. Sjølv var eg
krinsformann i fire år, so det var naturlegt at eg drog i
den leidi.

Me hadde kvartals-stemner for kvar luten av
Telefylket.

Etter eg var flutt, heldt krinsen årsmøtet sitt i Lårdal.
Det var i sjølvaste 1905. Eg sende telegram til møtet, og
fekk helsing att-ende. Biskop Torkildsen, som var med
på stemna, sa med meg då eg råka han: det var sol-glans
over stevnet i Lårdal.

#

Me hadde song-kor og horn-kvartett, heldt
musikk-kveldar på prestegarden, og f6r ikring og heldt konsertar
i granne-bygdene. Det var hugnad å høyra kor vent og
kultivera tele-ungdomen kunde syngja. Der var gamal

kulturbotn å byggja på, med djup tone-kunst.

*



Konfirmant-stemner nokre vender for året samla fleire
og fleire konfirmant-kull. Dei fekk kaffi; dei fekk leik
og onnor moro; og so fekk dei eit ålvors-ord med seg
heim. Dei skulde kjenna at ungdom og kristendom kan

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free