- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
20

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

i steden for ett glass vin, som vi vilde ha godt av, trakterer
dere med surt øl, som en får vondt i maven av! Dette
øiet kunde en få kolerine av! jeg vil ikke snakke om
prostens øl, det kunde en få kolera av!»

Kvar gong bispen vilde inn på fråhalds-saki, slo eg
det burt, so det vart ikkje noko ordskifte.

Og heimebrygget vårt var ikkje surt. Bygdefolket som
var til middag med biskopen, undrast då bispen sa høgt:

det er ikke så surt dette øiet!



Året etter fekk me i Lårdals-kyrkja eit fråhaldsmøte
der Elisabet Edland tala frå kordøri.

Alt i 1895 var ho med på ungdomsstemna i Kviteseid
då Telemark-krinsen av kristelege ungdomslag vart skipa.
Me lærde henne å kjenna soleis, at me visste ho høvde godt
til å tala i ei kyrkja. Kyrkjetilsynet i Lårdal gav difor
med gleda løyve til å nytta kyrkja til møtet hennar. Kyrkja
var full-sett. Gripande ålvors-ord bar Elisabet Edland
fram. Det var ein høgtids-kveld som mange mintest lenge.

Men bisp og prost meinte det var ulovlegt. Enno var
det ikkje kome greie fyresegner som opna kyrkjene for
kvinner. Men alt den gong kunde me visa til reglementet,
som gav løyve til «sammenkomster av statskirkens
medlemmer om religiøse og moralske spørsmål».

Lårdals-kyrkja er kanhende den fyrste i landet som
let ei kvinna tala der.

*



Ei onnor høgtids-stund i Lårdals-kyrkja var
midnatts-gudstenesta ved hundradårsskiftet. Det var knitrande
kaldt den notti. Men dei kom køyrande heilt frå
anneks-soknene og fyllte kyrkja.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free