- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
22

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Embetsmann og bonde
Embetsmann og bonde


Ingen stad i landet hev vel motsetnaden millom
embetsmann og bonde djupare røter enn i Telemark.

Frå næraste hald veit eg at foreldre og besteforeldre
i Kviteseid prenta inn i borni: du må kje tru embetsfolke!

Sist i 1500-talet bar telebøndene våpen mot dei danske
gruvefolki og jaga dei ut; dei hadde bore seg slik åt at
telene tolde det ikkje. Danskekongen baud her-makti
draga upp i Telemark og tukta telene. Då gjekk
bodstikka frå grend til grend. Ei stor mengd møtte frå alle
kantar. I Seljord møttest bøndene og kongens karar.
Bøndene var væpna med øks og kniv og spjot, kanhenda
hadde einkvan ei flinte-børsa dg. Kongens karar våga
ikkje gå på. Embetsmennene talde til forlik, og fekk semja
i stand: vilde bøndene leggja frå seg våpen, skulde dei få
grid, og so skulde gruve-folki lova å vera skikkelege gutar
for framtidi. Bøndene var styvne nok til å gå med på
semja. Men då dei hadde kvitta seg med våpni, gjekk
kongens karar på, og domen lydde: kvar tiande mann
skal lata livet, dei hine skal bøta med gods og gard. Det
heitest at prestane tala imot; men elles var embetsmennene
med på sovore skamlaust svik. Telene giøymde det aldri.

Og seinare hadde embetsfolket i Telemark gjort mykje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free