- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
28

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28

godkjenna meg som telebondeprest. Eg kjende meg
heime millom dei. Eg hadde hug til å vig ja mitt liv åt
telebøndene.

*



Eitt tiltak eg fekk gjort siste året, var å reisa ein
minnestein på Eidsborg kyrkjegard yver eidsvollsmannen Talleiv
Huvestad. Eg fekk uppnemnt ein «komité», der millom
andre Ivar Tveiten var med. Me fekk samla pengar og
tinga steinen. Då eg var redd for kluss med innskrifti,
våga eg, med samtykke av dei fleste i «komiteen» å
fast-setja ordi på steinen. Eg visste kva det hadde ført til,
annan stad, når det skulde vera mange um det. Det kunde
verta noko inkjevetta. Eg trur innskrifti på steinen eig
manande makt. Og det var meiningi. Born og ungdom
skulde læra dei ordi og skyna det gjæve minnet um den
gamle telebonden.

Steinen vart avduka 17. mai 1901, etter heilnorsk
messa og heilnorsk kyrkjekonsert.

Lærar Torleiv Lid heldt avdukings-tala. Han minnte
um det som var sagt um Talleiv Huvestad at «han kunde
ikke settes i Snorre»; han hadde soge liv av dei gamle
norske sogene; difor var han vel budd til å taka det store
lyftet på Eidsvoll for Noregs framtid.

Eg skreiv ei lite minneskrift um han, som kom ut på
prent. Der nemnde eg ordi hans Christian Fredrik um
Huvestad: hvilke bønder vi dog har i Norge! Det var
etter ei samrøda um Napoleons-krigane, der det viste seg

at Talleiv Huvestad hadde fylgt godt med.

#

I same leidi som eg granska alle minne um han, kom
eg inn på tanken um å skriva ei Lårdals-soga.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free