- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
30

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30

vilde halda vakt um ungdomen min. No såg eg at eg
maktast ikkje gjera det.

Kona mi sa gong på gong: her trengst nye kostar!
Og etter mykje tvil og mykje sut tok eg til å tenkja på
flytting.

*



Men siste året i Lårdal vart eit rikt år.

Peter Hognestad kom til Lårdal og preika og heldt
foredrag. Han lova meg å søkja Lårdal soknekall, um eg
kom til å fara.

Viggo Ullmann kom til Lårdal og preika i kyrkja,
eit fulltonande kristen-manns vitnemål. Han heldt
foredrag i kyrkja um ettermiddagen, med ljos ifrå Gud yver
Noregs soga. Eg kom i hug at den mannen hadde vorte
forkjetra og utskjelt som den verste heidning!

Eg var med på eit høgskule-skeid i Seljord, der
Ullmann bad meg halda tvo foredrag.

Der vart eg kjend med Marius Hægstad, Ella Anker,

sørjyden Kristian Hansen, og professor la Cour.

*



Hægstad fortalde mykje frå Bjørnson-striden mot
målsaki.

Då Hægstad var utnemnd til professor, møtte han
Bjørn Bjørnson på gata. (Gratulerer!» ropte Bjørn, «men
hvad selve saken angår, skal det nu bli kamp! far har lovet
å ta striden op!» «Ja so?» svara Hægstad, «me kjem til å
trakka ned nokre blomar for kvarandre då!»

Um hausten same året tala Bjørnstjerne. Han rakka
ned på bondemål og bondeskikk: vi har ikke tid til slikt
sludder! alt som bøndene har av kultur, det har de fått
av oss! Etter han var ferdig, kom Bjørn upp på talar-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free