- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
32

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

32

Bjørnson sjølv tok ei ferd yver Heidmark og
Øyster-dalen, gjenom Valdres og Sogn til Bergen.

På Heidmark nytta han m. a. desse vendingane:
dere har formodentlig sett i avisene hvad jeg skal ha sagt i
Kristiania om bøndene? avis-referater er forresten ikke
å stole på. Men har jeg sagt noe, så har jeg ikke ment
dere! jeg har ment disse fjellbøndene og fjordbøndene!
det er jo først når vi kommer ned på de store sletter her
østpå at det blir fart i den norske bonden!

I Elverom tala Bjørnson på lærarskulen. Då han såg
all lærar-ungdomen, vart han varm um hjarta: lærerne
er våre beste folk! det er for galt at de skal arbeide for så
liten lønn! de må få meget høiere lønner!

Men då han i Lærdal i Sogn fekk motstand av ein
lærår, ja, då kom det annan låt. I foredraget i Bergen kom
han til å nemna lærarane: Så har vi disse lærere, disse
u-lærere, disse folke-forkvaklere! de må få meget mere
undervisning!

I Bergen kom tvo av Bjørnsons vener upp til han på
hotellet med same han kom til byen. «Vi dine venner i
Bergen vil si dig at et slikt foredrag som det du holdt i
Kristiania, vil vi ikke vite av i Bergen.»

Ja det var synd på Bjørnson at han kom inn i denne
bak-evja.

Lars Eskeland, som var ovglad i Bjørnson, kjende seg
reint sjuk etter han hadde høyrt foredraget hans. Ein ven
av Eskeland fortalde Bjørnson dette. «Nei, jeg mente
det ikke sådan! De må hilse Deres ven at han må ikke
ta det slik!»

Å nei, Bjørnson meinte det i grunnen ikkje.

Hægstad la til: det er lett å tilgje Bjørnson! han er no
guten hennar mor trass alt!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free