- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
36

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Eit år i Hardanger
Eit år i Hardanger


Det var Framnes ungdomsskule som drog meg til
Hardanger.

Fyrste gong eg råka Johannes Brandtzæg, var i
student-åri då han kom att frå den svenske «mirakelmannen»
Boltzius. Brandtzæg hadde søkt hjelp hjå Boltzius for
nerve-sjukdom. Boltzius lækte folk med bøn. Han sende
sveite-klutar til sjuke som han ikkje kunde nå personleg.
I Oslo hende det at folk sat i kyrkja med sveite-kluten
hans kring halsen. Elles fekk dei fleire vender eit
ålvor-samt ord til svar: har ni ingen Gud i Norge ?

«Teologisk studentforening» fekk i stand ei rekkja
diskusjons-møte um emnet «lækjing ved bøn». Brandtzæg
fyreorda. Prestane i Oslo var innbedne. Ein kritisk
mann spurde um me vilde ha uppatt scenen i «Over
evne», der bisp og prestar ordskiftest um underet? Det
var ser leg prestar frå austkanten som tok ordet. Boltzius
hadde sine trufaste vener på Kampen og Grønland.

Fyrste møtet heldt me i salane til «Søstrene Larsen» i
Kr. Aug.s gt. Men det var so trongt der, at Sven Brun
baud oss «Akersgatens misjonshus» til dei seinare møti.

Sverre Vigander var formann. Han styrde ordskiftet
so mynstergodt, at gamle Sven Brun nikka til han fleire
vender. Smålåtne var me ikkje me unge studentar. Me

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free