- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
37

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

37

la til strid mot gamle vyrdelege prestar. Det viste seg dei
kunde vera veike i tankeføringi, det var vandelaust å
setja dei til veggs, — som når dei heldt fram at me hadde
ikkje lov å be Gud um å verta frisk; men samstundes sende
dei bod etter dokteren!

#

Brandtzæg hadde vunne att helsa si so pass at han
gjorde seg ferdig med preste-eksamen. Han var ei
velsigning for oss andre, roleg og tillit-vekkjande som han var.

Etter eksamen tok han arbeid i Bergens indremisjon.
I 1891 fekk han i Bergen skipa «Det norsk-lutherske
Kinamisjonsforbund». Det var meint som motvekt mot
eit ukyrkjelegt Kinamisjons-selskap på Austlandet.

Ved Skrefsruds taler fyrstundes i 80-åri hadde
Brandtzæg fenge misjons-kallet innpå seg. No baud han seg til å
vera misjonær i Kina. Han søkte biskop Heuch um
preste-vigsla. Diverre sa Heuch nei. Kvifor? «Det er ulydighet
av det norske misjonsfolk å begynne misjon i Kina!
Gud har tydelig vist at vi skal misjonere i Sulu og på
Madagaskar.» Hadde Heuch prestevigt Brandtzæg, vilde
striden um prestevigsla ikkje fenge den syrgjelege soga
innan Kina-forbundet.

Brandtzæg drog ut til Kina, saman med medisinaren
dr. Nilsen, realisten Hertzberg, og lækmennene Arnetveit
og Gotteberg. Men Brandtzæg kom snart heim, på grunn
av sitt giftarmål. Det var eit vonbrot for misjonsfolket.
Men han vart generalsekretær i forbundet og vann full
tillit. Av den grunn stod Brandtzæg meir i skuld til
forbundet. Det er lett å skyna at han naudleg vilde gjera
«kabinett-spursmål».

Soleis gjekk han med på vedtaket i 1900 då årsmøtet i
Bergen nekta misjonselevane sine å verta prestevigde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free