- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
40

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

40

alt da dei legg i seg. Ja dei får mange goe beta som me
småfolk ikkje får eta.»

Ei kona frå Strandebarm fortalde frå gamle dagar:
«Me lærde te lesa. Men berre gutane lærde te skriva.
Dei bar noko sand inn på bordet. Og so skreiv dei i sanden
med trepinnar. Da va lettvint te turka ut att!» Då ho
høyrde det var 6 lærarar på ungdoms-skulen, spurde ho
um dei snakka alle på ein gong? Fekk ho veta det var
millom 60 og 70 elevar, slo ho i hop hendene og meinte
«da måtte vera frå adle verdås kanta!»

Mykje song og musikk hadde me på Framnes. Ottesen
hadde songkor, både blanda kor og manns-kor. Og slik
som han kunde spela på piano, og slik som han kunde
tolka musikken både i ord og i tonar. Folkeviser song me
inn 1" ungdomsflokken. Millom andre fekk eg der for fyrste
gong høyra «Inga Litimor».

Det var alvor i arbeidet på Framnes ungdomsskule.
Den solide kristendom hjå Brandtzæg rådde grunnen,
saman med Ottesens skynsame finkjensla. Og gamle
Christie lyste yver skuleungdomen noko av ein himmelsk
fred. Mange av elevane fekk stempel for heile livet.
Laurdags-kveldane var velsigna samkomer, der ordet frå
Gud kom beint inn på samvetet. Brandtzæg kunde der
tala gripande ålvorleg og kjærleg.

Jamsides med ålvoret var det mykje gaman. I
fri-minuttane gjekk leiken frisk, og lærarane var med. Um
torsdagskveldane og på skulefestane var det leik og onnor
moro. «Ein katekisasjon» av Asbjørnsen vart spela ein
kveld av læråren Vigleik Rosseland og nokre elevar.
Eg vågar segja det var eit friskt og sunt ungdomsliv på
Framnes ungdomsskule.

#

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free