- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
41

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

4i

Millom venene eg vann det året på Framnes, nemner
eg fyrst og fremst prosten Christie. I samværet med han
fekk eg jamt noko av livs-verde, av hans fine djupe
menneskelege kristendom.

Han hadde i ungdomen vore kapellan i Ullensvang.
Han smelta godt saman med folket der. Sørfjordingane
hev aldri gløymt han. Dei reiste mang ein gong lang veg
til anneks-kyrkjene frå hovudsokni, berre for å høyra
Christie preika. Konfirmantane hans hev gøymt på ord
han sa, soleis eit ord um det «simple» bonde-arbeidet
som dei aldri måtte kalla simpelt. Då han heldt
avskils-preik, sa ei kona: «Da kunde kje vore verre te skjiljast
med min eigen far.» Christie stod Johannes Helleland og
folkehøgskulen nær.

Då han vart sokneprest i Kvam, gjekk ordet um han
i fyrevegen: Christie er grundtvigianar! Han vart difor
møtt med mistru.

Den kristne ny-vakning er tidt fengd med dømesykja.

Eit augnevitne hev fortalt meg at kapellan Selmer ein
dag sa til ein ven: «I går fikk jeg nåde til å si med far at
han ikke er omvendt.» Det var gamle sokneprest Selmer,
Christies formann i Kvam, som fekk den attesten av sin
eigen son. At han seinare trega på den «nåden», seg jer
seg sjølv.

Då Christie kom, hende det verkeleg at folk tok tak
i kvarandre utanfor kyrkja: ikkje gå inn og høyr på den
fæle mannen! Ja dei fekk lekpreikaren Traasdahl frå
Bergen til eit møte i Øystese bedehus, der han skulde
«yverhøyra» Christie. «Det var meget pinligt,» sa Christie
då han fortalde meg dette.

Men på sin fine hj artegode måte vann han kvemmene
etter kvart. Jamvel Traasdahl sa med meg at det var ingen
prest han heller høyrde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free