- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
43

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

43

Traasdahl fortalde meg at han den tid var sterkt
freista til å melda seg ut or statskyrkja. Men han vart
«kurert» då han råka Lammers-kristne austpå og røynde
kor dei hadde glide ut både moralsk og religiøst: det var
ikkje verdt å koma på det skrå-planet!

Seinare kom Traasdahl i strid med presten Storjohan.
Storjohan laga utnemnet «ny-evangelisme». Klokkar
Jørgensen i Oslo fekk kjettar-namnet på seg. Då Storjohan
kom til Bergen, kalla han i hop sin «gamle garde» og vilde
få dei til å forkjetra Traasdahl. Dei svara: dette må de to
gjøre op alene! So skulde dei tvo ordskiftast. Traasdahl
sa til meg: «Jeg holdt meg til ordet: Så har Gud elsket
verden at han sendte sin sønn. Storjohan mente: så har
Gud hatet verden, at han måtte sende sin søn for å kunne
elske den.» Innimillom sa Storjohan: nu må vi be! Men
då dei skulde beda saman, kom ordi soleis frå Storjohan:
«Herre du vet jeg har aldri spart nogen møie for å lære
din sannhet å kjenne! er da dette et nytt lys som ikke jeg
har sett? nei det kan ikke være noget nytt lys! det er en
tyv i lyset!» Traasdahl sa han greidde ikkje å be saman
med Storjohan soleis.

Attåt sitt varme hjartelag og si varme forkynning av
evangeliet — hadde Storjohan mykje av den uvyrdne
dømesykja som mange kristne hev lege under for. Eg
minnest kor han reiste ikring og tala ille um professor
Petersen. «Professor Petersens elever har intet å preke
om,» sa han ein gong eg var i lag med han. «Har ikke
Johannes Johnson noe å preke om ?» vart det spurt. «Johs.
Johnson har intet å preke om! derfor lekser han ut
Weiss Biblische Theologi fra prekestolen i fem kvarter!»
«Enn Halfdan Møller?» «Halfdan Møller har intet å
preke om! derfor er han gått like i armene på ny-evangel-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free