- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
49

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

49

ettermiddagen heldt eg foredrag og song «Draumkvædet».
Soknepresten Johs. Brochmann let vel, og vona at
røl-dølene vilde friske uppatt den gamle arven med
«jonsok-messa». Han la seg i selen for å få Røldals-kyrkja
uppatt-nya i gamal stil. Det var ein heil strid i Røddal um dette.

Men Brochmann vann fram til sist.

*



Vestmannalaget fekk meg til Bergen i
kvitsunn-helgi, eg heldt heilnorsk messa i Laksevågskyrkja
kvit-sunndagen.

Det var hugnad å læra vestmennene å kjenna: Edv.
Johannesen, Johs. Lavik, Olav og Frida Rusti.
Vestmennene hadde stade i fremste lina heilt frå 6o-åri. Dei
var aristokratiske målmenn, heldt fast på dei gamle formene.

Olav Rusti fortalde han hadde lydt på ei preik av
Anders Hovden på ei ungdoms-stemna. «Rett framfyre
meg stod ein bondemann. Kvart ordet Hovden sagde
kunde den bondemannen hava sagt.» Ja det var eit godt
vitnemål, meinte eg. «Nei!» svara Rusti, «det skal vera
kyrkjelegt mål.» Den gamal-norske homilieboki var
Rusti so glad i, at han las henne høgt for mor si.

Vestmennene vilde plent ha «og med din ande», ikkje
«og med di ånd» i kyrkjesvaret. Lars Eskeland sa ein
gong: de vanvyrder folkemålet, de vestmenner!

Men ei vyrdeleg fane-vakt stod dei, trauste i striden.
Då Frida Rusti måla ei altar-tavla åt ei kyrkja i Nordfjord,

tok ho til vilkår at innskrifti skulde vera på ny-norsk.

*



Etter bod frå Lars Eskeland vitja eg Voss. Der var
høgskulestemna. Eg messa med Vosse-kyrkja, og heldt
foredrag på stemna um den norske folkekyrkja.

4 — Anker: Ungdomsprest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free