- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
50

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Det var fyrste gong Eskeland og eg møttest. Han
trudde eg var eldre enn han, eg trudde han var eldre enn
eg. Og so var me fødde i same døgret, tvilling-brøder
å kalla! Det vart eit hjartelegt møte millom oss. Eg hadde
lese nokre av bøkene hans. Eg visste at han hadde helsa
Hordalands ungdomslag på års-stemna «vel møtt i Jesu
Kristi namn». Då me møttest, tok det til å renna ei von
hjå oss båe um at eg kunde verta lærar på Voss
folke-høgskule. Det einaste som stengde, var økonomien.

Alt fyre jol 1901 hadde eg teke til å søkja skulepostar.
Å taka til att med fast presteembete so snart, hadde eg
minder mod på. Helst hadde eg hug til å verta
religionslærer på ein lærarskule. Eg meinte det muna meir enn å
vera embets-prest. Eg søkte adjunkt-postar ved alle dei
offentlege lærarskulane sør for Troms. Men det gjekk
ikkje.

Utpå sumaren skreiv eg til Eskeland, og spurde kor
mykje han kunde gjeva meg i løn for skuleåret. Svaret
kom, og eg slog til.

I millomtidi hadde eg sendt søknad til den private
lærarskulen i Volda. Etter eg hadde telegrafera ja til
Eskeland, fekk eg brev frå skulestyrar Kårstad, der han
baud meg gode vilkår, betre enn nemnt i lysingi. Eg laut
svara: eg hev fenge ein annan post.

Soleis bar det til at eg ikkje kom inn på lærarskulane,
men på folkehøgskulane. Eg ser no at det var ei lukka for
meg i mange måtar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free