- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
52

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

52

Og Welhaven var hans elev.

Henrik Wergeland åtte nasjonal godvilje i høgste
grad. Han freista skriva nynorsk. Men her var ingen
som kunde rett-leida han. Ikkje ein gong folkediktingi
kjende han. So mykje gjævare var det at han åtte den

faste trui at eit norskt skriftmål skulde vinna fram.

#

Då Ivar Aasen kom, kunde ein ha venta at heile det
norske folk med takk til Gud hadde fylgt han. Mange
skyna at her var ein nynorsk renessanse. Jamvel
Welhaven var so gripen at han sa: den som hadde havt et
saadant sprog at digte paa i sin ungdom.

Men når det bar til ålvor, vanta godviljen. Vinje,
Janson, Henrik Krohn — var einslege stjerner på ein
myrk natt-himmel.

Vestmennene fortalde: då Niels Hertzberg vart styrar
av skulestellet her i landet, skreiv Henrik Krohn til han og
minnte han um ungdomsdraumen dei hadde drøymt
saman um å få norsk mål inn i skulane: no må du gjera
ålvor av din ungdoms ideal! Svaret kom: «Idealister
som du, min kjære Henrik Krohn, kan frit sværme for
ungdommens idealer. Men naar man som jeg er kommet i
ansvarlig stilling, tar sagen sig anderledes ud!» Det er
sårt å tenkja på at Hertzberg i 1901, då han ikkje lenger
var i «ansvarlig stilling», var med og skreik upp mot

Hognestads gudstenesta i Johannes-kyrkja.

#

Blix-salmane var eit veldigt steg for nynorsken. Alle
laut kjenna at her hadde nordmannen funne sin eigen
salmetone. Blix-salmane song seg inn i folket smått um
senn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free