- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
53

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

53

Men eg minnest kor forfærd prosten min i Arendal
fortalde at «Nokre salmar» var autorisera til kyrkjebruk.

I mange år fekk målstriden sitt brennpunkt i strevet
med å få innført Blix-salmane til bruk ved gudstenestene.
Den nasjonale godviljen var skral mange stader.

Dei gamle stridde imot, av di dei ikkje vilde ha noko
nytt. Det tok seg uppatt same slags strid som då
Landstad-boki kom. Men dessutan hefte mange seg ved målformi.
Jamvel «riksmåls-sekretæren» teologen Yngvar Brun kunde
geipa til ord som Blix nytta.

Elles var det tidt løgje å høyra mot-grunnane. «Det
er kje rett alt som stend i Blix-salmane,» sa ein mann,
«det stend at Krist stod upp i påskemorgonraude! men
det er ikkje å lita på at morgonen var so raud den dagen.»
Han hadde aldri skyna ordet «morgenrøde».

Blix upplevde at salmane hans vart innførde i ei
rekkja av kyrkjer.

Året fyrr han døydde, fekk målmenn i Oslo i stand
ein fest for Blix. Biskop Bang heldt fest-tala. Det
strøym-de inn helsingar frå alle kantar.

Olaf Huseby hadde gjeve ut salmebøker med 784
salmar: Landstads 634, og so dei 150 av Blix. Dessutan
hadde han sett notar til salmetonane, utdrag or altarboki,
og 3 tillegg: um salmediktarane av biskop Skår, um
kyr-kjemusikken av biskop Bang, og um kyrkjebygningane
av professor Dietrichson, med mange bilete. Det var ei
standard-utgåve som er vel verd å minnast.

Prestemållaget sende søknad til Kyrkjedepartementet
um å få Blix-salmane inn i alle salmebøker og
samstundes få autorisera 50 nyare salmar av Blix. Søknaden kom
fram i Stortinget ved Abr. Berge. Wexelsen sa til meg:
jeg har intet imot å få Stortingets støtte i den sak. I Stor-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free