- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
56

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

56

var ikkje mætare. Fyrst då Hagerup-styret gjekk av i 1905,
og Chr. Knudsen vart kyrkjeminister, kom
ungdoms-presten i funksjon att.

*



Chr. Knudsen var god ven med Bernt Støylen.

Støylen hadde i 1902 vorte styrar av presteskulen.
Alle målmenn gledde seg ved at formannen 1
Prestemål-laget vart prestelærar. Dei 12 åri han stod i den posten,
studde han alt som norsk renessanse heitte. Han gav ut
ei ny utgåva av Rolfsens lesebok, med mange nye stykke,
helst på nynorsk. Fyrste bandet tok til med barne-rimet
«Litle fuglen», med bilete av presten i kappe og krage
der han syner borni kva fuglen syng. Det var eit nasjonalt
symbol.

Tolug og traust var Støylen. Han hev sjølv fortalt
meg ei soga som eg lyt bera fram her. Chr. Knudsen
hadde lova hjelp. Men so ein dag sa han til Støylen: det
går nok ikke med kravet på mere landsmål i Rolfsen!
ekspedisjonssjefen har meddelt at der er mindre riksmål
i Austlid enn landsmål i Rolfsen, og da må vi gi oss!
«Eg vart harm,» sa Støylen då han fortalde meg det,
«men eg bad um å få snakka med ekspedisjonssjefen.»
Han kom. «Hev ekspedisjonssjefen sjølv granska denne
saki og talt yver side-talet i Rolfsen og Austlid?» Ja.
«Hev so ekspedisjonssjefen sagt frå at det berre er utkome
eitt band av Austlids lesebok, medan side-talet er teke frå
alle bandi av Rolfsen?» Nei det hadde han ikkje. «Det
er for galt,» ropa Knudsen, han nikka til ekspedisjonssjefen
han kunde gå. «Det skal bli ordnet,» sa han til Støylen.
Men det trongst sovore mas der godviljen vanta.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free