- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
58

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58

dei då til stortingsmann Refsdal og bad han henta løyve
hjå kyrkjeministaren. Chr. Knudsen svara: «Det behøver
De ikke søke departementet om! Det kan kirketilsynet
avgjøre!» Ja men det var kome eit departementsskriv
som sa noko anna. Knudsen kalla ekspedisjonssjefen inn.
Jau det var nok so! «Nå,» sa Knudsen til Refsdal. «Anker
kan få et departementsskriv som åpner alle kirker i landet
for ham, slik som Støylen og Hognestad har fått.» Med
det skrivet fekk eg «carte blanche» yver heile landet til å
nytta kyrkjene når dei ikkje var upptekne og
kyrkjetil-synet gav lov.

I det heile vart det gode vilkår for nynorsken då Chr.
Michelsen og Jørgen Løvland sat ved roret. Ikkje minst

i 1905 merka eg den nasjonale godviljen auka all stad.

#

Men «riksmålsforbundet» seinka den nynorske rørsla.
Landslut vart øst upp mot landslut, serleg Austlandet
mot Vestlandet. Det nørde gamal trongsyn og gamal
ovundsykja bygd og bygd imillom. Det fekk eg røyna
på ferdene mine.

Totingane sa: dette er valdris-mål; me vil ikkje ha
valdrismål på Toten. Valdrisane sa: dette er sognemål,
me vil ikkje ha sognemål i Valdres. Og sogningane sa:
det er sunnmørsmål dette! me vil ikkje ha sunnmørsmål
i Sogn.

Heilt upp i Nordland og Finnmark fekk eg høyra
um «sunnmørsmålet».

Ein handelsmann der nord sa til meg: vi vil itt ha
dette sunnmørsmålet. «Kom og høyr!» sa eg, «so vil du
kjenna att ditt eige mål.» Da e de itt ekt! svara han.
«Snakkar de itt ekt her i bygda då ?»

Ein heil flokk gamlingar stima ikring meg ein stad:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free