- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
59

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

59

vi vil itt ha dette målet! «Det er då underlegt,» meinte
eg; «de likar då ikkje at ungdomen er so fin på det!
dei vil ha «mel»! men skal det verta merg i maten, so
lyt det vel verta mjøl, kan eg tru?» Då lo dei: du ha
rett i det!

Godviljen var ikkje å lita på. Ein stad i Sogn hadde
dei heft seg ved at det var «tvo kvinnfolk-namn i
Fadervår: Helga og Eva.» Mange stader støytte dei seg på
«dauden». Og motmenner skræmde folk med at på
lands-mål heittest det: «Frelsaren daua på Skolt-haugen».
«Det er som det skulde vera eit krøter,» sa dei.

«Me lyt då beda Fadervår på det målet Jesus hev lært
oss,» sa mange. Dei skulde høyrt det på Jesu eige
mors-mål: abba-nu be-sjamaim!



På Toten kom ein gong Lars Liestøl, skulde halda
«mål-foredrag». Totingane møtte mannsterke, ferdige
til å pipa. «De skynar vel ikkje målet her på Toten?»
Nei, skreik dei. «No ska eg segje noko på målet: gjenta
jaga den svarte kua som gjekk i enga og åt! skynar de det ?»
Ja, det er Toten-mål det! «Men no skal De høyre kva det
heiter på riksmål: pigen jagede den sorte ko som gik i
engen og spiste!» Då lo dei alle! Det gjekk upp for dei
at dei snakka ikkje riksmål på Toten. Det var fyre 1907
dette, so riksmålet hadde endå ikkje fenge dei harde
kon-sonantane. Men det er vel tvilsamt um dei hadde lætt
minder ved «piken jaget den sorte koen» ?

Det er eit gildt minne kor framifrå godt Anders
Hovden slo igjenom på Toten med sitt nynorske mål då
han vart sokneprest der.

Men me fekk sakte kjenna mothugen nokon kvar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free