- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
61

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

4

I Stavanger sa ein prest til Hognestad og meg:
Hognestad er fødd i dette målet han! «Ja men Anker er
atter-fødd i det!» svara Hognestad.

På Sandnes kom ein gamal mann vilde snakka med meg
sundags middag. «Eg var ikkje i kyrkja i dag,» sa han.
Nei det er fritt for kven som vil, meinte eg. «Ja men eg
likar ikkje dette målet!» Nei, svara eg, det er som det
stend i Bibelen: den som har smakt den gamle vinen, vil
ikkje smaka den nye, han segjer den gamle er best. «Men
eg vil veda kvifor du talar dette målet!» Då tok presten
Jonassen ordet: «Høyr no, Ola, du og eg me er fødde
med dette målet me. Denne presten har lært seg te bruga
det, for han trur han best kan nå inn i ungdomshjarta på
den måten. Kanhenda han tege feil, so lyde me be Gud
tilg jeva han. Men du veid, som Luther sa: ein mann kan
ikkje gjera imot si eigi samvittigheid.» Jau Ola skyna det.

«No vil eg høyra på deg i ettermiddag,» sa han.

*



I Trøndelag trefte eg nokre trauste gamle målmenn.
Millom deim lyt eg nemna gamle Elden i Orkedalen.
Han hadde nytta norskt mål i skulen heilt frå 70-åri.
Soknepresten kalla han sitt «smertens barn». «De snakker
så stygt disse børnene i Deres skole,» sa presten. «Dei
snakkar slik som dei har lært av mor si,» svara Elden.
Det gjorde godt å råka slik ein lærår.

I Støren kom prestefrua triumferande og fortalde at
ein bonde hadde sagt han skyna ikkje eitt ord av preiki mi.
Nei, meinte både sokneprescen og kapellanen, her i
Trøndelag høver ikkje landsmålet! Dette var ein av dei
fyrste bygdene eg vitja. Det var ikkje fritt eg låg mykje
vaken den notti: korleis skal dette gå? Men dagen etter
råka eg sjølv den bonden. «Skyna du ikkje det eg sa i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free