- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
65

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

65

Eg kom lel. Og det gjekk bra.

Ei brorkona til Jonas Lie vilde like vel slåst med meg.
«Det er merkelig at dere kan drive på med dette målet
som alle våre diktere er imot: Ibsen, Bjørnson, Jonas Lie.
«Ikkje Jonas Lie,» svara eg, «han var glad i målet han!»
«Nu må du hjelpe mig!» ropa ho til mannen sin. «Nei!»
svara han, «pastoren har formodentlig tatt sitt standpunkt,
for første gang siden verdens skabelse!» Kva for noko?
«Ja jeg sier ikke efter Kristi fødsel! det har aldri hendt i
menneskehetens historie at noe folk har funnet på noe
så bakvendt.»

Han gløymde at mange andre folk hev havt same
målstrid. Det som hev hendt i Noreg no, det hende i
England for mange hundrad år siden. I fleire hundrad
år var fransk «riksmål» i England; det engelske målstrevet
laut byggja på skralare grunn enn det norske. Og i
Danmark var tysk «riksmål» heilt inn i det 19de århundrad.
Hundrad år etter Kingo og Holberg var tysken i høgsætet
i Danmark. Øhlenschlæger, Grundtvig og Ingeman laut
spyrja «ålmugen» kva det og det heitte på dansk! Jamvel
«den politiske kandestøber» av mål-strevaren Holberg
vart uppførd pd tysk i danske byar etter 1814.

Det gjekk fredlegt i pensjonatet vårt, trass i dei 40
mål-fiendane. Eg song både Blix-salmar og folkeviser.
Sjølvaste bispefrua bad um avskrift av ord og tone til
«Litle fuglen». Og bispen spurde både venleg og
venskap-leg etter preike-ferdene mine. Det tok seg uppatt det ei
høgre-frua sa; til brudlaup for dotter hennar vilde
brud-gomen plent be moster og mostermann som var
namngjetne radikalarar: vi grudde oss for det! men det var jo
dannede mennesker!!

Ein skylding av meg skulde ha religiøst møte i
bygdi der, og bad meg tala. «Er De ogso målmann»?

5 — Aiiier: Ungdomsprest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free