- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
68

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

68

tak på kunnskapane; endåtil i rekning veit eg elevar, som
seinare gjekk på lærarskulen eller på universitet, gav
folkehøgskulen det vitnemålet: eg prisar den vetteren!
der fekk eg augo opne, so eg fekk tak i so mykje!

Dessutan vilde folkehøgskulen binda folket i hop, so
dei ymse arbeids-greiner kunde’ skyna kvarandre.
Fag-skulane skil folket i mange klikkar. Det er grøtelegt kor
tidt ein møter trongsyn og stuttsyn hjå dugande fagfolk!
dei hev tidt liti interessa for anna enn sitt eige fag! kvar
sit «på sin haug»! Jamvel i sitt eige fag kan det henda
dei vert ein-vise: dei vantar yversyn! Er det grunnen til
at lækmanns-skyner sumtid femner vidare enn
fagmanns-skynet ?

Folkehøgskulen vil vida ut syni, og læra kvar fagmann
å kjenna seg ein lekk i den store kjeda.

I det praktiske liv hev det vist seg at elevar frå
folke-høgskulane hev vorte fyregangs-folk både i nærings-liv
og i åndsliv. Eg gådde det på ferdene mine kring heile
landet: det var elevar frå Sagatun, frå Vonheim, frå
Vigmarki, og frå andre høgskular, det var dei som gjekk

i brodden i flest-alle bygder.

*



Det var for meg ei uppleving å så Guds levande
så-fræ i ungdomsflokken på Seim. Det synte seg god
grorbotn for kristendomen i ungdoms-hugen.
Morgon-bøn og kveldbøn, bibeltimar, og kyrkjegang samla synleg
både gutar og g jenter.

Ved ei faste-preik i Vangs-kyrkja samlast me ved
natt-verdbordet, lærarar og elevar. Sume av elevane kom til
meg og spurde um dei kunde våga å vera med?

Ei gjenta frå Sørlandet sa: der heime fær me ungdo-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free