- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
69

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

69

mane ikkje gå til altars; dei gamle segjer me er ikkje
umvende! men eg vil so gjerne.

Ein gut, som seinare vart ein bonde-hovding, gret
då han snakka med meg: eg er ikkje verdig, eg er ikkje
som eg skulde vera; men trur du det er råd at eg gjeng til
Guds bord?

Ein annan gut kom upp på Eskelands kontor siste
kvelden: eg hev so mykje å takka dykk for! de hev frelst
ein gut! det kan de gleda dykk yver! sa han.

Ein tridje gut skreiv i elev-bladet ved slutt-festen:
då eg kom hit i haust, bad eg Gud at eg måtte finna fast
grunn å byggja livet på! no kan eg segja Gud takk for eg
hev funne liv i Jesus Krist.



Det var eit friskt ungdomsliv på Seim, gjenomtrengt av
Jesu Kristi ånd. Kristendom og norskdom, kristendom
og tingdom smelta heilt i hop, endå det sjølvsagt var
rangt og rett innimillom kvarandre.

Det var eit symbol på dette då ein elev synte meg
fela si: ho bar tydelege merke at ho hadde vore sundslegi
og lima ihop att. Ja, fortalde guten, ein spelemann åtte
henne, han spela i fyllskap og villskap til dess han vakna
og vart eit nytt menneske; då kasta han fela i golvet og
trakka på henne; han vilde brent henne upp, men kona
gøymde henne og hadde no gjeve henne til denne guten.
Han lima henne i hop. Og no spela han på henne til
Guds æra; han var ein varm kristen, som seinare vart ein
hovding millom kristenfolket. Eg hev fortalt denne soga
fleire vender. Men eg vil fortelja henne umatt, so flest
folk kan få læra av henne.

På elev-kveldane hadde me mykje gaman. Me leika, og
dansa folkevise-dans, men aldri nokor åndlaus valsing.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free