- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
73

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

73

I 1904 fekk eg stipend til å vitja folkehøgskulane
i Danmark. Eg för ikring der i sju veker, tok til i
Vendsyssel, og enda ved Øresund.

Det var mykje å læra på den ferdi. Levande, ja surne
tider strålande vart kunnskapane ut-strøydde!

Eg gløymer ikkje ein naturfag-time på Ryslinge
høg-skule, læråren kom inn på vaksinasjonen. «Det er sådan
at forstaa: vi lader os frivillig indpode nogle svæklinge af
koppe-baciller, saavidt at vi faar en snev af sygdommen!
naar saa den virkelige sygdom banker på hos os, svarer vi:
De må majet undskylde! men vi har havt den!»

På Ryslinge høyrde eg eit foredrag om dansk åndsliv
av presten Karl Poulsen, bror til høgskulestyraren. Han
fortalde frå dokter-disputasen hans Georg Brandes.
Doktoranden stod der fint klædd og godt budd, slo alle
motlegg elegant att-ende. So sa ordstyraren «Herr
konferensråd Carsten Hauch har begæret ordet ex auditorio». Hauch
humpa upp gjenom salen på tre-foten sin. Det var stilt då
han tok til. «Der er ingen af mine elever til hvem jeg har
knyttet saa store forhaabninger som til doktoranden. Men
der er heller ingen af mine elever som har skuffet mig saa
dybt. Jeg sigter ikke til at han er fritænker! det er en ærlig
sag. Men jeg sigter til den kolde spot hvormed han møder
alle livs-værdier, saa ingen ting er ham hellig!» Brandes
svara ikkje.

Ein sundag hadde Georg Brandes halde eit foredrag
som kom i avisene dagen etter. Eg las det saman med
Helge Hostrup på Ry høgskule ved Himmelbjerget.
Hostrup las det høgt med same tone som Brandes pla
nytta. «Der er meget godt ved folkehøjskolerne,» sa
Brandes, «men de har to store feil, at De er religiøse!
og at de er nationale!» Carsten Hauch hadde mykje rett, at
ikkje noko sovore var heilagt for Brandes.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free