- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
75

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

75

elevane no sat til bords, var det som alle dei gamle elevane
skoda på dei fiå veggene, — ein samlings-tanke for heile
folket.

I tunet stod ein minnestein henta frå Jødeland, til
æra for jøden Ernst Trier. Innskrifti på steinen fortalde
um det strev høgskule-venene hadde havt med å få heim
dette heiders-merket den lange lange vegen.

Heile skulegarden hadde elektrisk straum frå ei
vind-mylna, professor la Cours patent. Med elektrisk kraft
gjorde dei meste kjøken-arbeidet, vaska upp dei mange
hundrad koppane, i ein veldig kum, der vatnet fossa
ikring! det gjekk som eit eventyr!

Og ute på marki låg hønsehus attmed hønsehus,
kvar hønse-rase hadde sitt, med gjerde nedetter bakkane.
Når hønsi vart utslepte kvar fyremiddag, såg det ut som
reine skrider! dei kvite italienarane minnte um snø-ver
der dei i hundrad-vis sprang ut.

Folkehøgskulane i Danmark er trygda ved lov: dei
fær riks-tilskot etter elev-talet, utan umsyn til kva
«retning» dei høyrer til.

Men det er mest å kalla fiendskap millom
indremisjons-høgskulane og dei grundtvigske. Dei vart forfærde på
ein av desse høgskulane då eg nemnde eg vilde vitja
indremisjons-høgskulen i Haslev i Sør-Sjælland.

Me vart vel mottekne av høgskulestyrar Davidsen.
Men det fyrste han spurde meg um, var kva slags skule
eg var lærår ved. Eg svara: me hev ikkje den kvasse
motsetnaden i Noreg. Det totte han var ille: det var um
å gjera å få «skellet» (skilnaden) klårt fram!

Me sat uppe utetter kvelden og dryfte prinsipp og
metode. Millom anna fortalde han um professor la Cour,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free