- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
76

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

76

kor han skjemde seg ut med å tala på frilynde
ungdomsstemner. Etter han hadde tala varmt til ungdomen um
Gud og Kristus, so både han sjølv og mange unge hadde
tårer i augo, so hende det at dei drakk seg fulle og tura
etterpå! Då sa la Cour at han vilde ikkje koma ein annan
gong. Men næste gong dei bad han, kom han likevel!

Haslev folkehøgskule var den flottaste me såg i alt
sitt utstyr. Det syntest at det stod ein mektig
organisasjon att-um. Eg fekk personleg vyrdnad for styraren.
Han var ein varmhjarta kristen lærår, som nok hadde tak
på elevane. Holger Begtrup tala vent um Davidsen;
men han var kanhenda den einaste frå hin kanten som
gjorde det?

Elles sakna eg på Haslev den gode åndi i elevflokken.

Eg kjende meg meir heime på dei andre høgskulane.

*



Ein liten høgskule i Vendsyssel, med berre 17 elevar,
tok imot oss med opne armar bokstavleg.

Eg gløymer ikkje fru Dorothea Stevns, styrarfrua,
då ho kommandera i gymnastikk-timane med
veslebarnet sitt på armen! Ho dreiv både heimen og skulen
utan tenar-hjelp! Men sjølvsagt hjelpte dei 17 gjentene
henne på kjøkenet.

Varmen og hj artelaget båra mot oss både i timane og
i samværet elles.

Ein kveld me samtala um Bobrikoffs tyranni i Finnland,
sa eg: eg trega at finnane fann seg i trældomen! skulde
russen verkeleg få tynt folke-fridomen i Finnland, vilde
det vera vanskelegt å leva og tru på Gud! Næste morgon
kom Stevns med ei avis: no hev finnane gjort det av med
Bobrikoff. Det er meste syndlegt å segja det: det skotet
var eit ljospunkt.

#

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free