- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
77

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

77

Ein større folkehøgskule i Vendsyssel vitja me ei heil
veka, Vrå høgskule, der Viggo Ullmann var årviss gjest;
i 1904 heldt han 25 års-jubileum der, hjå høgskulestyrar
Terkelsen. Alle fire døtterne til Terkelsen vart gifte med
høgskule-lærarar. På den måten heldt dei tradisjonen
uppe. Terkelsen hadde makt til å gripa ungdomen. Han
tala og fortalde slik at me alle sat som fjetra. Um sundagen
var han klokkar i «valgmenighets»-kyrkja, der mågen hans
var prest. Det var ein levande kyrkjelyd. Songen fyllte
romet, so loft og laft seg lyfte. Medan Terkelsen song
fyre, gjekk han upp og ned kyrkjegolvet; det var som
vilde han femna um alle som sat der.

På Testrup folkehøgskule vart me flott mottekne med
hest og vogn på stasjonen. Me fekk tvo rom til rådvelde,
soverom og arbeidsrom. Det var der ein norsk
høgskule-stipendiat la imot: eg hev kje råd å bu so dyrt. Dr. Jens
Nørregård svara kvast: bruger de maaske at ta betaling av
sine gæster i Norge?

Nørregård var veteran frå krigen i 1864, då han fekk
kapteins rang. Han hadde enno kommando-tonen.
Ele-vane fortalde oss dei visste ikkje anten dei skulde læ eller
gråta då Nørregård fyrste dagen helsa dei: det er ingen
som har bedt jer komme hid, I er komne af jer selv!
men saa forlanger jeg at medens de er her paa skolen, skal de
lystre! Det var hans måte. Dei vande seg snart til han,
so dei berre moroa seg når han kommandera som verst.

Det var lett å kjenna det store hj artelaget og den
ly-sande trui hans. Og slik som han kunde fortelja soga um
krossferdene! eg minnest det enno, 36 år etterpå! og slik
som han kunde lesa! det var ein kveld ute i hagen han las
Øhlenschlægers «Hakon Jarl», medan alle elevane sat på

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free