- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
79

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

79

Begtrup var ein av dei fåe danskane som vyrde og
godkjende det norske målstrevet. Han kunde ny-norske
songar utanboks.

Foredragi hans um reformasjonen minnest eg enno.

Sameleis foredragi av andrelæraren Bredsdorff um
dansk litteratur; han vart seinare høgskulestyrar i Roskilde.
Eg hev råka att både Begtrup og Bredsdorff her i Noreg;

dei var gode vener av oss nordmenn.

*



Arbeidet mitt på Voss folkehøgskule fekk kveik på
kveik av ferdi i Danmark.

Dessutan fekk eg ein glytt inn i det nasjonale strevet
danskane heldt uppe i Sør-Jylland.

Eit heilt døger tok eg til å vitja sør-jydane. Me sat
uppe utpå notti for ein gong skuld den kvelden me var
hjå Jørgen Sakariassen i Dybbøl. Me høyrde han fortelja
um alle forbod dei laut finna seg i. Danske
foredrags-haldarar var forbodne, sameleis danske songar, millom
deim «Jeg vil verge mit land»! Ja salmar som «Her vil
ties, her vil bies» vart forbodne: dei hjelpte sør-jydane
til å trassa.

Rørande var det å sjå den fri-kyrkja dei hadde bygt
seg, 17 hus-lydar, for 17 000 kroner! Arkitekt Nyrop,
den namngjetne danske byggmeisteren, hadde gjeve
gratis hjelp både med teikningar og tilsyn. Ikring
kyrkje-veggene hadde han mura inn små fugle-reir. Yver
kyr-kjedøri stod:

«Som i sin rede den vildsomme fugl,
und ved dit alter din tjener et skjul!»

Eg kjende meg heime millom danskane der sør. Eg
mintest kva Kristian Hansen hadde sagt til oss i Seljord.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free