- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
80

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8o

Og eg vart varm då eg høyrde vonene dei bar på. Jørgen
Sakariassen sa til slutt etter alt han hadde fortalt: «Aa ja!
det går nok i stykker før vi går i stykker!»

Og eg las med gleda innskrifti på Magnus-steinen i
Skibelund, sør for Askov: «Magnus, tvende rigers pryd!
unde Gud din helte-sjæl at se Nordens grænsepæl atter
flyttet ned mod syd!»

*



Året etter fekk me vårt nasjonale gjenombrot i Noreg.
Det var ein underleg vår.

Johan Bøgh vitja Voss, og tala uppglødd um
Michelsens ministerium: bergensaren Lemkuhl? det finst ikkje
ein stolrygg i Stortinget som ikkje ber merke etter Lemkuhls
knokar, sa han. Og Bothner? ein kvit-glødande
unions-hatar! Piggtråd-gjerdet Sofus Arctander? Michelsen og
han var beiske motstandarar fyrr! no gjekk dei saman.

Gamle prosten Hansteen sa til Lars Eskeland: «De
har vel vært venstremann alltid De ? Det må være morsomt
nå! Tenk jeg sat på stortings-galleriet i 1837 og hørte
Jonas Anton Hjelm si de ordene: får vi ikke vår fulle rett
innenfor unionen, så sier vi unionen op! da lo alle, både i
salen og på galleriet! men nu har han fått rett!»

Gamle Hansteen hadde eit makalaust minne. Og han
kunde fortelja, frå sitt lange liv.

I 1906 tala han for å få Blix-salmane inn i
Vosse-kyrkja. Nokre år i fyrevegen var framlegget ned-røysta.
«De er nok vakre disse salmene; men jeg vil be de vil vente
med å innføre den til vi gamle er gått i graven.» I 1906 sa
han: nu kan vi ikke vente lenger. Han hadde vorte yngre
med år i.

Tvo åndsfyllte heimar på Voss bør minnast:
prestegarden og skrivargarden, Eieslands og Abrahamsens.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free