- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
86

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86

I ei bygd høyrde eg dei slo ut mjølki eller gav
kyrne mjølk å drikka, dei visste ikkje onnor råd!
Samstundes førde dei til ein Finnmarks-by sterilisera mjølk
frå meieri sørpå, fire dagar gamal i beste tilfelle, til
dyre prisar!

Det ligg store vidder med dyrkande jord i Finnmarki
og ventar på norsk ungdom.

I Nord-Varanger hadde landbruks-direktøren mælt upp
vidder som kunde fø iooo kyr, berre ein grov veiter, —
no fødde dei tjuge!

Sumaren er stutt, det er so. Endå 17. mai ligg snjoen
jamhøg med hage-gjerdet, ein kan gå på ski kl. 24 i
strå-lande solskin! Men jonsok er snjoen burte. Det gjeng
med storm-steg. Olsok tek slåtten til.

Åkerbruk vert det vel ikkje so mykje. Det kunde
lagast åkerlappar på same vis som på fjell-gardane, der
dei kastar åt på snjoen so han brånar, og so pløgjer
åkeren med aln-høg snjo på kantane. Kanhenda dei
soleis kunde få seg potet-åkrar og kål-åkrar nokon kvar
stad? Men stort set er det fe-drifti Finnmark kan
leggja arbeidet på.

«Jordbruk i Finnmark!» skreik ein mann her sør då
eg nemnde dette. Han vilde drukna tanken i lått. «Eg
hev vore prest i Finnmark,» kom det lognt frå ein som
lydde på, «og eg hev ingen stad fenge so mykje ut av
prestegarden min som der.»

Mangt må gjerast til å lyfta Finnmark.

Elektrisitet må dei få alle stader, til ljos og varme og
drivkraft. Daglege båt-ruter og bil-ruter må binda saman
bygder og byar. Bøndene må soleis få lett avsetnad på
mjølk og ost og kjøt.

Hovudspursmålet for jordbruket der nord er det same
som her sør: å driva det so det løner seg! Svarar det seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free