- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
90

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

iii

nekta å taka personellkapellan. Men kravet vart so sterkt
at departementet tvinga han med trugsmål um ingen
pensjon å få! kapellanen vart utnemnd, med atterhald
at han fekk si løn av soknepresten, men elles stod
sjølvstendig under prost og bisp! Det er vel eine-ståande
i norsk prestesoga!

#

Mange prestesoger hev Nordland å fortelja. Einstad
var presten so gløymsken at frua hans laut setja upp
«huske-liste» for kvar veka på veggen i kontoret. Men so
gløymde han å sjå på lista. Difor hengde ho ein stor
plakat under lampa på skrivebordet hans: «Husk på
huske-listen!» Då han fekk embete sørpå, var han so
bunden til papiret at han laut ha kvart ordet uppskrive i
rekkjefylgje; kom einkvan inn i sakristiet og bad han
lysa til eit møte frå preikestolen, vart han reint ulukkeleg.
Då det var tale um nytt konfirmasjons-ritual, sa han:
da må jeg ta avskjed! Men han var ein logn og koseleg
kar å vera i lag med. Han totte mun i å få ein «kollega
på besøk». Det gjekk ikkje so tidt på!

Ein stad kom eg roande til ein prestegard kl. 14,
skulde preika der i kyrkja kl. 16, og so fara lenger. Dei
hadde ete middag, og eg hadde ikkje ete sidan frukost.
Dei duka upp med flatbrød og spikekjøt, men klaga at det
var simpel kost! Eg åt godt, medan prestefrua let ille.
Alt til det siste bad ho meg orsaka. Men dagen etter,
fekk eg fortalt, hadde ho trøysta seg: det var i grunnen

høveleg kost åt ein målmann!

#

Ungdoms-stemna i Salten var 2. juni. Det var kaldt
den sundagen, det var ikkje frægt å tala ute. Endå verre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free