- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
92

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

92

Det var lett å samla folk i ein fart dei fleste stadene.
Mange stader hadde dei telefon på kvar gard. I
Vesterålen heldt eg møte i eit skulehus kl. 12 middag, medan
skyssen kvilde 1 time; møtet vart avtala tri timar i
fyre-vegen i telefonen! men det var fullt hus, skulestova
pynta med flagg og blomar! Det er store greier soleis i
Nordland. Og nordlendingane er kvike og vakne, fylgjer
godt med! «Parisar-motan kjæm likso snart til Lofoten
som til Kristiania!» sa ein nordlending.

Flakstad-presten nytta mykje Lofot-målet. Eg høyrde
han snakka til ein sekt-hovding som heitte Bernt.
Ole-Larsianarar kallast sekti. Forstandaren Ole Larsen budde
i Buksnes. Bernt var kapellan i Flakstad. Han og
soknepresten vart so gode vener, at Bernt let dotter si gå til
konfirmasjon hjå presten. Men gjenta laut meldast ut,
og presten skulde ha utmeldings-attest frå Ole Larsen.
«Nå, Bernt! kor vert det av denne attesta ?» Jau ho skulde
koma. «Ja no md du få tak i attesta! det lid alt halve tida!
og du skjønar vel so pass, at æ treng itt om å stæl
konfir-manta ?» Ja det skyna Bernt. «Ka syns du om denne nye
presten da?» Jau Bernt totte vel um preika mi. «Ser du
det, Bernt! du e itt so gal som du sjøl trur!» Ein flakstading
gav soknepresten eit dundrande vitnemål: han e ein bra
mainn! ein akkurat mainn! med eitt ord ein usedvanle
døkti mainn! men han står itt leng i det! når ein prest
tala ut av sitt hjarteblod stødt, so kan han itt hold de ut
leng! og æ ha set skumet ha stae om prestekragen hans
når han kom ned av stolen æ!

Dei valde han til ordførar fleire stader han var prest.
Han reinska upp i litt av kvart, men fekk sjølvsagt sume
imot seg av den grunn. «Æ trur den presten e tå jarn,»

sa ein av motmennene, «de bit ingen ting på han.»

#

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free