- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
94

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

94

Einaste ånds-liv i Finnmark var læstadianismen. Ein
vestlending som var lærår sa til meg: vil ein ha noko
ånds-samfund her, so lyt ein vera med læstadianane.

Eg hadde høyrt gjete denne underlege sekti alt frå
ugjerningane deira i Kautokeino i 1851. Dei melder seg
ikkje ut or folkekyrkja. Dei gjeng til altars i kyrkja. Men
dei skriftar for ein av sine eigne, og må få absolusjon
av ein læstadianar, elles vert dei ikkje frelste!

Eg høyrde fortalt at dei tek til å «gøy» når dei kjenner
Andens makt. Soleis «gøyr» dei tidt når dei gjeng til
altars. Ein prest let dei få lov; han helsa dei til lukka
at dei kjende nærværet av Guds Ande. Ein annan prest
braut av: jeg krever stillhet i Guds hus! Han la hand
på oksli til ein læstadian i altar-ringen: kan du ikke be
om Guds ånds kraft til å være rolig!

Det kan vera noko fysisk mekanisk: dei øser seg upp
med høg-mælte sukkar, som aukar på i styrke, mest som
krampe, til dess det læt som hunde-gau!

Men det kan og henda det feil naturlegt for slike
kjenslerike barnslege folk som finnane. I ei finnesokn vart
ein finn so gripen av påske-evangeliet at han midt i preika
ropa: eg ser Jesus! Han tok det uppatt og uppatt. Til
sist bad presten han gå ut eit bel. Han gjekk, men ropa
heile tidi: eg er so glad! eg ser Jesus! Eit bel seinare
kom han innatt og var heilt roleg. Presten sa til han etterpå:
eg var nøydd til å be deg gå ut, so me kunde halda fram
med gudstenesta? Ja, svara han, det skyna han godt,
han var ikkje det minste tykkjen, men han kunde ikkje
tegja stilt då Anden kom yver han.

Men andre stader hende det dei trega når presten
braut av; det hende dei la yver at næste messa skulde
dei gøy alle saman, so skulde dei sjå kva presten makta!

I Finnland kallar dei læstadianane «vinter-kristne»,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0096.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free