- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
95

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

95

av di det dovnar av med kristendomen deira um sumaren.
I Noreg lydest det ög som dei lever best i myrketidi:
då fær dei meir koma saman på møte.

Mange læstadianarar lever sitt kristenliv i meir normale
former. Alt i alt må me takka Gud for livskrafti hjå

læstadianane, til siger yver synd.

*



Forutan Ths. von Westen og Nils Stockfleth hev
bispane på Troms teke seg sers av finnane.

Biskop Johs. Skår, den staute hardingen, vilde gjerne
heita «finnenes biskop».

Det vart fortalt meg ei soga frå visitas i ei finnesokn.
Soknepresten møtte bisp og prost med rein-skyss. Ein
rik finn hadde fenge lovnad å skyssa bispen, hadde difor
kjøpt fine nye sele-greier. Men då reinen hans stod
uroleg, sa Skår: jeg vil ikke kjøre med den! Soknepresten
tok då bispe-skyssen; men korkje han eller finnen var
blide. Dagen etter spurde bispen kva presten meinte
han burde ta til tekst? «Ta til tekst: jeg er finnenes
biskop!» svara presten. «Er De sint, prest?» «Ja det er
jeg! biskopen har ødelagt meget da De såret den rike
finnen.» «Kan jeg ikke gjøre det godt igjen?» «Det eneste
vilde være om biskopen kaller ham frem og takker ham i
hele menighetens påsyn?» Det gjorde Skår. Det var eit
dramatisk syn då bispen tok finnen um halsen og takka
han! Og finnen vart so lukkeleg, at han gjekk heim og
drakk seg full, og sat på huk i prestegards-gangen heile
ettermiddagen.

#

Det gjekk mange soger um biskop Skår. Han var ein
myndig prelat. Men liksom hjå biskop Essendrop i
Oslo låg det mykje hjartelag under den myndige utsida.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free