- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
96

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96

Ein gong hadde ein kyrkjeminister utnemnt til prest
ein teologisk kandidat som hadde levt eit vilt student-liv.
Då ministeren fekk veta det, skreiv han til biskop Skår
at han måtte ikkje ordinera han. Skår svara: jeg ordinerer
ham. Bispen vart truga med avskil! ein bisp kan verta
avsett ved kgl. res., utan lov og dom. Skår svara: jeg
ordinerer ham likevel. Notti fyre ordinasjonen, då
kandidaten alt var komen til Troms og var bispens gjest,
fekk kyrkjeministaren Skår til å sitja på telegrafstasjonen
og høyra politi-rapportar frå Oslo um kandidaten. Kl. 5
um morgonen sa Skår: «Nu har jeg fått nok! jeg
ordinerer ham ikke.» Han gjekk heim, klædde seg i
bispeornat og gjekk inn på gjesteromet. Kandidaten skvatt upp:
er klokka så mange? «Nei,» svara Skår, «men jeg har
våket i hele natt for Deres skyld. Jeg har sittet på
telegrafstasjonen og fått telegrafert fra Kristiania
politikammer alt det De har havt med politiet å gjøre!» «Hva
skal jeg gjøre?» ropa ordinanden. «De skal gjøre 3 ting,»
sa bispen, «for det første skal De be Gud om tilgivelse
for De har ødelagt Deres ungdom! for det annet skal De
be Deres foreldre om tilgivelse for den store sorg De har
tilføiet dem! for det tredje skal De aldri tenke på å bli
prest!» Kandidaten laut søkja avskil. Då han kom heim,
fortalde han alt til klokkaren, og klokkaren fortalde meg
det, ord til anna.

*



Den namngjetne presten i Hattfjelldalen, Ole Tobias
Olsen, skulde møta på amts-tinget i Bodø den tid biskop
Skår melde seg til visitas. Prosten skreiv: De må senda
vara-ordføraren til amtstinget. Ole Tobias reiste. I Bodø
samrådde han seg med fleire prestar; dei sa det same som
prosten. So telegrafera han til Jakob Sverdrup, og fekk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free