- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
97

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

97

same svar. Då endeleg for han heimatt og laga alt i stand.
Då bisp og prost kom, hadde Ole Tobias heist sitt reine
flagg! det skulde ikkje gjera Skår blidare. Sjølv tok han
imot bispen med dei ordi: «Det er såmenn heldig at
biskopen treffer mig hjemme!» «Ja jeg har hørt hvordan
De har stelt Dem! la mig få anvist mitt værelse!» Der
låg alle embetsbøker i full orden, preiki presten skulde
halda, og alle fråsegner som visitasen kravde. Biskopen
kom i godlag. Og då han høyrde vent piano-spel nedunder,
tok han pipa si, og gjekk stilt ned. Ole Tobias kunde
spela, og Skår vart teken av tonane. Etterpå sa han:
«Sett Dem her, Olsen! hvordan trives De heroppe?»
«Jo takk godt! derute på kirkegården skal mine ben stedes
til hvile!» «Si ikke det, Olsen,» sa Skår, «det skal i alle fall
ikke mangle på min anbefaling.» Då eit blad-stykke ein
gong prikka på den underlege presten i Hattfjelldalen,
skreiv Skår i bladet og let vel yver Ole Tobias: han fyller

sin plass udmerket! Skår var aldri små-skoren.



Då ein flokk nordlandsprestar kom til Nidaros på veg
til eit vitskaplegt presteskeid i Oslo sist i 90-åri, gjekk dei
på visitt til sin gamle biskop. Han kom stiv og høgtidleg
inn frå kontoret. «Mine nordlandsprester skal
formodentlig til høstkurset for prester? la mig som eders gamle
biskop gi et godt råd! der doseres lærdommer ved
Universitetet nu for tiden som gjør det nødvendig å prøve
åndene! prøve, og velge, og vrake! A propos, Gloppestad,
fikk De mange multer i år?» Dermed slo han yver i
kameratsleg tone.

#

Alt eg her fortel gjev eit råkande bilete av huglynde

7 — Anker: Ungdomsprest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free