- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
100

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Striden um teologi og kristendom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Striden um teologi og kristendom
Striden um teologi og kristendom


Teologi er menneske-tankar um religionen.
Kristendom er Guds store gjerningar til jol og påske og kvitsunn.

Andre religionar fortel kva me menneske skal gjera.
Kristendomen fortel kva Gud hev gjort.

Grundtvig sette greidt skil millom teologi og
kristendom. Han fri-gjorde kristentrui frå trældomen under
teologien. Me tarv ikkje gå til teologane og spyrja kva
me skal tru. I den apostoliske trui eig me dei fakta
kristentrui byggjer på. Teologien skifter. Kristentrui

stend. Vitenskapen kan korkje sanna eller avsanna henne.

#

I boki «Mod strømmen» ropa biskop Heuch til vakt
um kristentrui. Sokneprest Thv. Klaveness, som var ein
av dei mistenkte radikale teologar, skreiv: «Når jeg
leser «Mod strømmen», kjenner jeg som et tak i
frakkekragen: rør ikke ved grunnvollen!»

Heuch hadde mistru til den nyare teologi. Men heilt
til 1907 kunde me hugheilt peika på at ingen i det
teologiske fakultet nekta noko av sjølve kristentrui.

Ein moderne teolog som vilde verta professor i teologi,
vart utnemnd til lærår i religions-soga og knytt til det
historisk-filosofiske fakultet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free