- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
107

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Striden um teologi og kristendom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

107

I staden for å få knuten løyst straks, drog biskopen saki
i langdrag.

Og det vart ei syrgjeleg soga i Sandviks-kyrkja: Konow
vart fråteken retten til å døypa og konfirmera, ja endåtil
ekteskaps-lysing frå preikestolen. Det kunde skipast soleis
gjenom soknepresten av di Konow var kallskapellan.

Ein stiftskapellan vart sett til hjelpeprest i Sandvika.
Han nemnde seg sjølv «den norske kirkes bøddel overfor
Konow». Det var ein tarveleg, beint ut simpel åtferd
mot den hjartefine mannen.

På denne måten vart Konow martyr. Folk strøymde
til Sandviks-kyrkja når han preika. Folk som kom til
Bergen laut høyra Konow! det var nyaste sensasjon.

Den full-sette kyrkja vart som ei ny prestevigsla for
Konow. Preikene hans var gripande. Han var tydeleg
inspirera av den nye uppgåva som låg framfor han.

Og då Kyrkjedepartementet eit halvt år seinare bad
han søkja avskil, svara han: nei nu har jeg fått en menighet!
nu kan jeg ikke slutte! Han fekk studnad av si
«menighet»: «De må ikke gi op! de andre har fullt op av prester!
vi har bare Dem.»

Kor djupt det gjekk, er eit ope spursmål. Ein av dei,
ein sakførar, sa til ein prest: «Jeg er jo enig med presten
Konow jeg.» Presten svara: «Det gleder mig! det vil altså
si at Jesus Kristus for Dem er det største og helligste i
Deres liv? og at De ikke kan leve uten ham?» «Nei, det
e kje slik!» svara sakføraren med eit kast på hovudet.

Smått um senn draup dei av. Sandviks-kyrkja vart meir
enn stor nok på resten.



Soknepresten flutte til eit embete austpå. Fyrr han
for, talde han biskopen til å leggja ned bispestaven, so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free