- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
109

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Striden um teologi og kristendom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

09

Ei liti preikesamling som Konow gav ut, hev eg lese
med gleda, og les henne enno.

Men det var sårt å måtte seg ja: med dei meiningar
du hev Konow, er det ei gåta korleis du kan taka i din
munn den apostoliske trui, soleis som du er nøydd til
ved kvar gudstenesta både frå altaret og ved
døype-fonten.

Lars Eskeland skreiv: «I 70-åri sende Bjørnstjerne
Bjørnson ut yver landet eit manande rop: «Ver i sannhet!»
I namnet åt sanningi må presten Konow seg ja frå seg sitt
preste-embete.»

Sjølv svara Konow munnleg og i brev: det er ikke
min tro jeg bekjenner, men menighetens! det er på
menighetens vegne jeg sier ordene!

Ein kaptein på ein fjordbåt spurde meg: «Her sitter
vi to alene! si mig, pastor, har ikke De ofte sagt ting
som De ikke tror?» «Eg veit ikkje um det,» svara eg,
«eg hev jamt snakka ut slik som eg trur, anten so folk
forkjetra meg eller ikkje.»

Men soleis tenkte mange: prestane trur ikkje sjølve
det dei forkynner! Konow er ærleg han, han seg jer beint
ut at han ikkje trur.

Nei eg skynar ikkje korleis ordinandar kan gjera eid
på det som dei veit dei ikkje trur?

Christopher Bruun skreiv kvast og myndig: «Der er
et ord våre yngre teologer trenger å minnes om: du skal
ikke gjøre falsk ed!»

#

At Menighets-fakultetet kom i stand, helsa eg med
gleda. Soleis som programmet var forma, skulde det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free