- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
114

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

114

tvil um eg skulde draga meg att-ende. Men etter råd frå ein
høgvyrd norsk-lynd skulemann tok eg imot lærarposten.

Frå skulestyrar Ording på Nissens lærarskule fekk eg
tilbod um å taka landsmåls-timane i student-klassen.
Der sa det seg sjølv at eg skulde bruka heilnorsken.

Økonomisk var desse skuletimane ei velferds-sak.
Presteløni var 2400 kr. året. Eg var glad for å tena noko
umframt.

*



Det høvde godt for ungdomspresten å få ein flokk
ungdomar til elevar. Det var som ein liten folkehøgskule,
der eg kunde nytta det levande ord i foredrag um
bokheimen vår. Det viste seg å falla i god jord. Eg fekk varm
takk frå mange gymnasiastar.

Eg var glad eg var lærar i norsk, og ikkje i «religion».
Religionslærarane klaga yver religiøs interesse-løysa hjå
gymnasiastane. Men i norsk-timane røynde eg dei
hadde verkeleg religiøs interessa. Det kom naturleg når
me gjekk igjenom Wergelands «Mennesket», Ibsens
«Kongsemnene», Bjørnsons «Arnljot Gelline» eller «Sigurd Slembe».
Det vart ordskifte. At sume av gymnasiastane var
«fri-tenkjarar», kom ikkje på tverke.

Millom deim var Erling Winsnæs, seinare landskjend
mann. Han kunde koma med geniale merknader både i
stilane sine og i ordskiftet. Ein gong kom han med utfall
mot kristentrui: «Eg visste ikkje De var so intolerant,
Winsnæs?» Det slo han! å vera intolerant var det verste
han kunde tenkja seg!



Eg hadde hug til å samla ein konfirmant-flokk, og
fekk lov av Aars og Voss å nytta eit skule-rom til konfir-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free