- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
115

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

5

mant-timane. Eg tenkte meg det fanst foreldre i Oslo
som gjerne vilde ha borni sine konfirmera på heil-norsk.
Men biskop Bang vilde ikkje gå med på det, so den tanken
laut eg gjeva upp.

Einaste var at eg i 1911 fekk lov av han å konfirmera
dotter mi i Slotts-kapellet.

Det var ein høgtids-dag.



I Slottskapellet fekk eg ein sundag vigja ei
krune-brud. Det vart heilt uppstyr utanfyre i Slottsparken. Det
kom i avisene! Og folk helsa på meg: var det De som
hadde den brud-vigsla?

Fleire brudpar fekk eg vigja i dei åri, i
Johannes-kyrkja og i Holmenkoll-kapellet. Det var kjenningar frå
Valdres, frå Hallingdal, frå Vestfold, som ynskte å få
heilnorsk vigsla.



Stiftsprost Gustav Jensen hadde hjå kongen fenge
løyve for Bondeungdomslaget å halda nynorsk messa
i Slotts-kapellet. Det var ikkje lett å få hoff-folki med
på det, fortalde han. Men kongen var velviljug.
Bondeungdomslaget fekk nytta kapellet annankvar sundag
frå september til mai. Då garnisonspresten kom og bad
um Slottskapellet ei tid som garnisonskyrkja var
ubru-kande, svara kongen: De kan få hver annen søndag!
hver annen søndag har Bondeungdomslaget rett til
kapellet.

Gustav Jensen var ein vidsynt og vidhjarta mann,
mykje grepen av Grundtvig. Han hev havt stor
innverknad på prestane frå den tid han var styrar av det
praktisk-teologiske seminar. Han naut ålmenn tillit på alle kantar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free