- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
118

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ii8

Skuletimane fekk eg skipa slik, at eg var fri laurdag og
måndag. Difor kunde eg tri helgar i månaden gjera
utferder frå fredags middag til måndags kveld. Eg rakk
lange utferder på dei dagane.

Med godkjenning av Oslo-bispen kunde eg fritt fara
ikring i tri bispedøme: Oslo, Hamar og Agder. Når eg
gjorde ferder i Nidaros bispedøme, fekk eg løyve av
Nidaros-bispen. I skuleferien fekk eg sjølvsagt fara vidare
ikring.



Alt fyrste sumaren var eg på fleire stemner, og på eit
lærarskeid i Valdres.

Eg var med i «Håballs-vaka» på Vetlehamar, skipa av
Ivar Mortenson.

Stefan Frich skreiv til meg um å halda
nynorsk-messa den Håballs-sundagen. Prestefrua der i byen var
prestedotter frå Hardanger. Ho øvde inn alle kyrkjesvari
på nynorsk. Då organisten laut møta til ei prøva, spurde
han morsk: gjeld det livet? Nei det gjeld æra! svara
prestefrua. Det gjekk bra alt i hop.

Sundag ettermiddag gjekk ei lang høgtids-ferd frå
byen til Maihaugen. Ei ferd med embetsfolk i gamle
stas-bunader hamna i den gamle skrivar-stova der uppe.
Ei ferd med nasjonal-klædde bondefolk slo seg ned i den
gamle bondestova. Eit Per-Gynt-fylgje med Aase og
Solveig og vesle Helga, den grøn-klædde, smeden og
Per sjølv — gjekk inn i Per-Gynt-stova.

Eg kom uforskyldt med i bondelaget. Ivar Mortenson
spurde Hulda Garborg: kva skal me gjera med denne
presten? «Du veit me lyt ha presten med oss!» svara ho.
Og Ivar la ut for heile å-skodar-flokken: gamle-presten
gjekk med embetsfolket han! men unge-presten held seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free