- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
119

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ug

til bøndene! og denne er so bonde-lugom ein kar som du
kan ynskja deg.

Hulda Garborg styrde um kvelden folkevisedansen
på Maihaugen.

Elles var det i fleire dagar historiske foredrag på
Håballs-vaka. Og dei spela «Varg i Veum» av Ivar
Mor-tenson.

*



Ein av dei fyrste eg helsa på i Oslo, var min kjære
gamle ven sokneprest Herman Lunde. Han hadde vore
mål-ven fyrr. I Paris, fortalde han, hadde han med skam
lote vedkjennast at bokmålet i Noreg var dansk. Men etter
Bjørnsons offensiv mot landsmålet, var Lunde komen
i tvil. «Tror De Bjørnson har urett?» spurde han meg.
Ja det var ikkje eg i tvil um. «Ja kan De overbevise mig,
vil jeg kjenne mig lykkelig,» sa Lunde. Men det greidde
eg dessverre ikkje.

#

So var eg uppe hjå kyrkjeministeren Karl Seip.

Han bad meg til seg ein kveld saman med Lars
Eskeland. Den store kyrkjekommisjon stod på dags-ordenen.
Seip vilde ha ein representant for lekfolket på Vestlandet
med i kommisjonen, og spurde oss til råds. Eg nemnde
Andreas Lavik. Eskeland var einig, Lavik kom med.
Han gjekk med fleirtalet i kommisjonen, som vilde
orga-nisera statskyrkja, medan mindre-talet vilde ha fri
folke-kyrkja, løyst frå staten. Dorothea Schjoldager, som var
med, fortalde meg: alltid når Lavik tek ordet, er det vel
gjenomtenkt det han segjer.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free