- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
127

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

127

Holmestrand. Han var so heit at han stampa i golvet.
Lærarane stokk: fanatikar! sa dei.

I ordskiftet vart det peika på grunnen til at kyrkjelege
reform-framlegg her i landet helst hev gjenge i papir-korgi:
kristenfolket vil herska i kyrkja i staden for å tena, vil
sitja på domarsætet og gjera kyrkja til ein domstol, i staden
for at kyrkja skal tena folket.

Eg lyt nemna at eg i Holmestrand råka fru Thora
Borch, Bjørnsons gode ven frå ungdomen, varm
grundt-vigianar. Eg laut helst sjå på henne når eg tala; ho levde
med. i kvart ordet. Då eg vitja henne heime, fagna ho meg:
målmennene er noen deilige mennesker! Ho song og
spela for meg, so gamal ho var. Men det gjekk myrke
skuggar yver andletet hennar når ho kom inn på
«kyrkje-striden».

*



Ein sumar var eg feltprest på Helgelands-moen.

Fyrste dagen møtte eg tvo kjenningar millom offiserane;
for kjennskap skuld møtte dei fram til messa. Elles heldt
offiserane seg burte heile rekrutt-skulen. Men
underoffiserene var gilde, og sameleis soldatane: hallingar og
valdrisar, mange av dei var høgskulegutar. Eg heldt
foredrag på soldat-heimen, alltid for fullt hus. Men
offiserane kom aldri. «Det er jo et civilt sted!» sa ein av
dei. Eg meinte at foredragi kunde auka karakterstyrken
i heren! so dei kunde godt rekna dei for militær upplæring!

Ved bataljon-samlingi heldt me gudstenesta ute, i ein
ven lund der det var laga gras-grodde benker
amfiteatralsk, og horn-musikken spela til salmane. Der
møtte offiserane. Og dei var alltid venlege mot meg,
bad meg til gjest i offisers-messa, so det vanta ikkje
godvilje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free